Haustens turkledning

Dei vakraste fargar kjem smygande fram i skog og fjell, og vêret skiftar opptil fleire gonger om dagen: Hausten er i anmarsj!

Det er flott ute no, blåbæra i blått strålar om kapp med dei raude tyttebæra og den gule kantarellen er ein fryd å henta heim. Vi er klare til å pakka sekken for tur. Då er det greitt å sjekke vêrmeldinga for området ein skal til, hausten kan by på alt av vêr på ein og same dag. Og med to born på 3 og 7 år må ein tenkje praktisk for både borna og seg sjølv.

Eg elskar ull innerst på kroppen, det nyttar eg heile året. Sidan eg kjem frå Rosendal, er dette også min favoritt: Rosendal ullundertøy. Borna er ennå ikkje heilt komfortabel med ull, så då nyttar dei Plinge superundertøy i utruleg flotte fargar.

Hardanger-3499

Jakka Besseggen for herre og dame

Vi er no i byrjinga av september og det er ennå relativt varmt i vêret. På denne årstida er det også veldig vått i terrenget pga. fuktige netter, dis osv. og då vert ein fort blaut om ein ikkje har skallbukse  eller regnbukse når ein går i krattskog og lyng. Skalljakke og skallbukse er godt å ha då dei transporterar fukt ut frå kroppen og ein held vatnet ute. Gode forslag her er Besseggen trelagsjakke + samt Sogn trelags stretch bukse. Når det gjeld borna som er flinkare til å liggja i graset, klatra i trea og hoppe i alle søledammar, er det regnklede som gjeld. Sidan borna naturlegvis har eitt lågare tyngdepunkt enn oss vaksne er mi erfaring at det berre er regnklede som held dei tørre, og då aller helst av mjukt og gummiert kvalitet som til dømes Sprute. No er regnvottar snart på lager og det er fint å ha på dei aller minste. Er ein tørr på kroppen får ein utruleg gode opplevingar i naturen og man kan vera ute lenge.

Når det gjeld praktisk kledning å ha med i sekken så er Stavskar lettvekstdunjakke god å ha. Den har lite vekt, tar lite plass og gjer hurtig varmeeffekt. Den er like god å ha utanpå ein skalljakke som inni. Til borna brukar eg å ha med poink fleecejakke (kjem inn på lager neste veke) . Den er passelig tjukk og gjev god varme når ein set seg ned med matpakke og kakao.

Det største varmetapet er på hovudet, så ikkje gløym lue. Min nye favoritt er Linhei lue og til borna brukar eg Seter ullue i år som i fjor. I og med at det er ull, så reguleras den varmen sjølv, så ikkje borna vert for varm eller kald.

Beina er også viktig her, så gode ullsokkar må til enten det er fjellsko eller stølvar som nyttast. No er Breke ullsokk i 3 pk komme på lager, så då hiv eg alltid eit par ekstra i sekken. Sjølv brukar eg Steinbru ullsokker.

Det er mykje å velja imellom av kle, så la ikkje det vera ei hindring for å koma seg ut på tur

Ynskjer alle ein triveleg tur i haustvêret!

Kari – Stormbergar

kari

 

Kommentarer

Kommentarer